RABBEN FERIESENTER AS
Billeg og god innlosjering
Kart

Velkomen til Rabben Feriesenter i Uskedalen,  midt i Kvinnherad kommune. Her har det vore drive campingplass sidan 1970, og me vil framleis by ferierande, reisande og pendlarar høvelege og billege opphald. Rabben Feriesenter er heilårsopen og har høgsesong frå 1.juni til 15. september.  Kartet til venstre visar vegen. Bilete til högre er Thomas Beck som har fiska ei fin kveite.


Fasiliteter

Vi har følgende fasiliteter å by på:
Grillplass med gassgrill.
Gratis trådløst nettverk for Internett.
Badestrand
Fiske i Uskedalselva


Store hytter
Me har 4 store hytter for utleige, nr 5, 9, 19 og 20. Dei er frå 50 til 74m2 og inneheld stove kjøken, bad med dusj, 2-4 soverom med dobbeltseng og etasjesenger. Dyner og puter, men ikkje sengetøy (kan leigast for kr 50,-/stk).


Pris: Kr. 900,-/døgn


Medium hytter med 1 soverom
Me har to medium hytter med 1 soverom for utleige, nr. 6 og 7. Dei er 30m2 og inneheld stove med kjøkenkrok, bad med dusj og eit soverom med 4 køysenger. Koselege tømra vegger. Kjøkenet har kjøleskap, to kokeplater og bestikk. Dyner og puter, men ikke sengetøy (kan leigast for kr 50,-/stk).



Pris: Kr. 600,-/døgn.


Medium hytter med 2 soverom
Me har to medium hytter med 2 soverom for utleige, nr 8 og 10. Dei er 30m2 og inneheld stove med kjøkenkrok, bad med dusj og 2 soverom med 2 køysenger i kvart rom. Kjøkenet har kjøleskap, to kokeplater og bestikk. Dyner og puter, men ikke sengetøy (kan leigast for kr 50,-/stk).


Pris: Kr. 600,-/døgn.


Små hytter
Me har 8 små hytter på Rabben Feriesenter. Dei er 12m2. De inneheld et rom med kjøkkenkrok, sovekrok og spisekrok. Sovekroken har 2 eller 4 senger, ikkje dyner og puter. Kjøkkenkroken har kjøleskap, to kokeplater og bestikk. Desse hyttene er kun til sommarbruk.


Pris kr. 450,-/døgn.


Bubil, campingvogn og telt
Det er rikeleg plass til å overnatte med bubil, campingvogn eller telt. Ved sjøkanten eller oppe på sirkussletta (Sirkus Arnarno besøkjer oss kvart år). Sanitærbygget har herre og dameside med WC, vaskeplass og dusjar (myntautomat). Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.


Pris bubil og caravan kr. 150,-/døgn. 1 uke kr. 700,-
Straum kr. 50,-/døgn
Pris telt 150,-/døgn.


Båtar
Me har og båtar til utleige for fiske eller turar. Båtane er mellom 14 og 19 fot og har 8-25 HK påhengsmotorar.


Pris: Kr. 400,-/døgn eks. bensin.