Kontakt oss:

Telefon: 408 47 387

E-post:rabben@rabbencamping.no

  • Resepsjonen
    Dette er innganger til resepsjonen.
    Vi tar kontant betaling, kort og kredittkort.
  • Mot dalen
    Utsikt frå resepsjonen mot Uskdalen
    Uskedalselva renn bak småhyttene.
  • Badestrand
    Utsikt frå elveosen ved badestranda.
    Elva dreg med seg fin sand fra dalen, og sandbanken veks år for år.
  • Fjella
    Utsikt frå sjøen.
    April i Uskedalen, med snø på Ulvanåso og Englafjell.

Personvern

Med campingplassen som base er det kort veg til sjø, elv, skog og fjell. Fjelltoppar på 1200 meter ligg nokre timars gange unna. Uskedalselva renn ut i fjorden ved sandbanken og campingplassen sin eigen badestrand. Elva har vore ei god aureelv, men no er det og mykje laks i elva.

Uskedalen

Uskedalen er ei lita bygd med omlag 1.000 innbyggjarar. Området bygda ligg i heiter Sunnhordland, og fjorden utanfor er byrjinga på Hardangerfjorden.

Bygda har SPAR daglegvarebutikk med opningstider 08:00 til 22:00 kvardagar, og 09:00 til 20:00 laurdag. Bygda har og mellom anna blomebutikk, frisør, bilutleige, vaskeri, bensinstasjon, trelastlager. Sjå Uskdedalen utvikling for meir info.