Kontakt oss:

Adresse: Uskedalsvegen 576

5463 Uskedalen

Telefon: 408 47 387

E-post:rabben@rabbencamping.no

  • Sommerstrand
    Fine bademuligheter.
    Sandbanke ved fjære sjø.
  • Resepsjonen
    Dette er innganger til resepsjonen.
    Vi tar kontant betaling, kort og kredittkort.
  • Rabbestykket
    Utsikt frå Stensletta
  • Badestrand
    Utsikt frå elveosen ved badestranda.
    Elva dreg med seg fin sand fra dalen, og sandbanken veks år for år.
  • Elvefiske
    Uskedalselva er ei god fiskeelv.
    Godt vær for fiske i elva.
  • Fisketur
    Ut for å fiske.
    Fam Brömel til fiskefeltet.
  • Fisketur
    Utleigebåt.
    16 fot Askeladd, 25HK Tohatsu

Bubil og campingvogn.

Me har rikeleg plass til bubilar og campingvogner. På den store sletta bak resepsjonsbygget har me straum og vass stasjoner. Kort veg til sanitæbygget. Sletta er fri for mygg og knott av ukjent orsak, så det er fint å sitje ute på fine sumarkveldar. Me har og nokre dropin plassar for bubil og campingvogn nede ved elveosen/sjøen.

Normalpris: kr 300,-/natt.

Straum kr 50,-/natt

Telt.

Å overnatte i telt har vorte meir og meir brukt dei siste åra. Det er spanande for både born og vaksne å kome så nær naturen som teltlivet gjev. Hos oss er det lett å hamre ned telpluggar i ein bakke som er fri for stor stein og fjell.

Pris for telt pr natt: kr 200,-/natt opp til 3 personar. Kr 50,- pr person over 3 personar.

Faste plassar for caravan.

Me har omlag 30 faste plassar for gjester som ynskjer å parkere campingvogna si fast på Rabben Feriesenter. På nokre av plassane er det lov å byggje seg eit trefortelt, mens det på andre plassar kun er lov med vogna sitt tøytelt. Som oftast er desse faste plassane opptekne, men for dei som vil stå på liste og vente på fast plass, ta kontakt. Pris fast plass: kr 10.000,-/år eks straum. Straum kr 2,50/kwt

Uskedalen

Uskedalen er ei lita bygd med omlag 1.000 innbyggjarar. Området bygda ligg i heiter Sunnhordland, og fjorden utanfor er byrjinga på Hardangerfjorden.

Bygda har SPAR daglegvarebutikk med opningstider 08:00 til 22:00 kvardagar, og 09:00 til 20:00 laurdag. Bygda har og mellom anna blomebutikk, frisør, bilutleige, vaskeri, bensinstasjon, trelastlager. Sjå Uskdedalen utvikling for meir info.